Borghild Syljulien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utdrag frå Norges handels-kalender, 1984. Butikken hadde telefonnnummer (061) 67254.

Borghild Syljulien (fødd 14. januar 1917 i Kolbu, død 5. februar 2015 i Østre Toten) var landhandlar. Saman med veslesystera Ester (1927–2018) dreiv ho Kvikstad Landhandleri («Kvikstad-butikken») i Kolbu på Toten frå 1955 til 1991. Båe var ugifte.

Bakgrunn

Ho var dotter av Ole Kristian (1879–1954) og Martha Syljulien (f. Ringen, 1884–1978). Den 11. mars 1917 vart Borghild døypt i Kolbukyrkja. Ho fekk seinare broren Gunnar (1922–2004) og systera Ester.

Faren hadde alt i 1906 byrja som landhandlar på Kvikstad. Han tok òg over småbruket Rårengen etter foreldra, men Ole Kristian og familien busette seg i leiligheita over butikken på Kvikstad.

Landhandlar

Alt frå ungdomstida hadde systrene Borghild og Syljulien vore mykje med i butikken, og etter at faren døydde i 1954, var det dei som tok over. Gunnar bygde i staden gartneri på Rårengen.

Kvikstad-butikken var heile tida ein gammaldags, assortert landhandel, med bredt vareutval og sal over disk. I tiåra etter andre verdskrigen leigde systrene òg ut fryseboksar.

Borghild sto som innehavar av butikken. Truleg hadde ho også ansvaret for rekneskapsføringa, for i 1955 tok ho eksamen med særs godt som hovudkarakter ved Granum og Eftedals Handelsskole på Gjøvik.

Pensjonist

I juleutgåva 24. desember 1991 hadde lokalavisa Samhold-Velgeren reportasje om butikken, som systrene no hadde bestemt seg for å selje. Dei ville pensjonere seg. Landhandleriet vart nedlagt ved årsskiftet 1991/92, og butikkbygningen vart seld til Martin Rukan. Borghild og Ester Syljulien flytta då til Rårengen.

Borghild døydde på Østre Toten sykehjem 5. februar 2015, 98 år gammal.

Kjelder og litteratur