Hørtevegen
Hørtevegen i Midt-Telemark kommune som går nordover frå Gvarvgata på Gvarv til Hørte bru over Hørteåa, den tidlegare kommunegrensa mellom Sauherad og Bø på Hørte. Der endrar vegen namn til Valenvegen.
Vegen er drygt 6 km lang, har namn etter tettstaden Hørte og blei namnsett i 1999. Den går gjennom jordbrukslandskap i flatt lende og passerer mange gardar og bustadhus. Hørtevegen er ein del av fylkesveg 3336.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart