Haugen (Jostedalen)
Haugen (Luster, gnr. 206) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den austlegaste i Krundalen og grensar i vest mot Hellegård.
Matrikkelgarden femner òg om delar av området i hovuddalføret som utgjer bygdesentrumet Gjerde. Haugen har gjeve namn til Haugabakkane, Haugåsen, Hauganosi, Haugafjellet, Haugafjellstølen m.m.
Den gamle Haugastova står på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupanger.
Bruk
- Bnr. 1 Haugen - det gamle hovudbruket
- Bnr. 2 Flatejordsøyane (Haugen) - utskild frå bnr. 1 i 1853
- Bnr. 3 Baggetun - utskild frå bnr. 2 i 1899, tidlegare husmannsplass
- Bnr. 4 Flatejordi - utskild frå bnr. 1 i 1908, tidlegare husmannsplass
- Bnr. 5 Hjellhaug - utskild frå bnr. 1 i 1935
- Bnr. 7 Bergheim - tomta som samvirkelaget låg på, utskild 1946 frå sameiga til fleire av bruka under Haugen
Husmannsplassar
Det er registrert fire husmannsplassar under Haugen.
- Flatejordi, rydda i 1741 som plass under bnr. 1, fråflytt 1746 og oppatteken kring 1828. I 1858 vart plassen delt i to. Båe plassane vart utskilde som bnr. 4 i 1908
- Baggetun, rydda kring 1801 og delt i to i 1845. Den eine plassen vart utskild som bnr. 3 i 1899, og den andre plassen nedlagd like etter hundreårsskiftet.
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 748-780. (Digital utgåve, NBdigital)
- «Haugen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane