Jiddisch
Jiddisch eller jiddisk, òg stundom skrive yiddish, er eit vestgermansk språk som er nærskyldt med høgtysk, men med mykje ordforråd frå hebraisk/arameisk og i mindre grad romanske og slaviske språk. Språket er det tradisjonelle morsmålet blant asjkenaziske jødar, men har gått mykje tilbake til fordel for blant anna tysk, fransk, engelsk og hebraisk i nyare tid. Jiddisch har størst utbreiing som morsmål blant ḥasidim i dag. I Noreg var jiddisch morsmålet for dei aller fleste jødane som innvandra i tida frå 1851 og fram mot andre verdskrigen, men etter 2000 er det berre nokre få eldre personar att med jiddisch morsmålskompetanse i Noreg — hovudsaklig i Oslo og Trondheim. Trass i at jødane er ein av dei offisielle nasjonale minoritetane i Noreg, er ikkje jiddisch språk verna som minoritetsspråk.
Bibliografi
- Utne, Olve: Jiddisch–norsk ordliste : med kortfatta språklære. Askim : Schweitzerforlaget, 2007.