Anders Aarvik
Anders Aarvik (fødd 19. oktober 1884 i Rovde på Sunnmøre, død 1970) var lærar, lokalpolitikar og organist på Eina på Toten.
Han var son av bonde Albrekt Andersen Aarvik og Ingeborg Jetmundsdotter. Anders Aarvik tok eksamen ved Volda lærarskule i 1904.
Aarvik vart som nyutdanna tilsett som lærar i krinsane Åbjør og Merket i Nord-Aurdal. I 1908 kom han til Eina, der han vart resten av yrkeslivet. Dei fyrste åra var han lærar i krinsane Prestvoll og Tomlevoll, men frå 1918 hadde Anders Aarvik full post på Tomlevoll-skulen.
I 1911 vart han organist i kyrkja på Eina, og denne jobben hadde han heilt til 1955. Frå 1916 var Aarvik målsmann for lærarane i skulestyret. Aarvik hadde fleire kommunale ombod i bygda. Han var mellom anna overformyndar (frå 1919), kommunerevisor (frå 1923), medlem av heradsstyret (1915-18), medlem av soknerådet og formann/forretningsførar i Eina forsyningsnemnd. Han var òg den fyrste dirigenten til Einastrand Mannskor.
19/10 1910 vart han gift med einajenta Maren Strande (1892-1940), dotter av gardbrukar Even Strande og Marthea. Dei fekk sønene Asbjørn og Erling. Erling hadde dessutan ei tvillingsyster, Magna Idun, som berre vart eitt år gammal. Aarvik-familien budde frå 1920 på staden Rogne på Eina. Eldstesonen Asbjørn Aarvik (1911-86) vart lærar, til liks med faren.
Kjelder og litteratur
- Mal:Folketelling person
- Bækkelund, Bjørn m.fl.: Totens Bygdebok bind V, Eina, Kapp 1998, s. 399 og 410.
Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Gjørvad, Olav (red.): Totens bygdebok II (andre utgave), Oslo 1953, s. 485.