Fjord kommune
Fjord kommune på Sunnmøre vert etablert 1. januar 2020, når kommunane Stordal og Norddal slår seg samen. Samanslåinga, som vart vedteke i 2017, er ein del av Solberg-regjeringa si kommunereform. Den nye kommunen får om lag 2600 innbyggjarar. Kommunehuset skal liggje i Stordal, medan helseadministrasjonen får tilhald i Valldal.
Etter samanslåingsvedtaket vart det utgreidd to moglege grensejusteringar mellom Stranda og nye Fjord kommune. Dette gjaldt Liabygda i Stranda og bygdene Norddal og Norddal i Norddal. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtok i 2018 at grensene ikkje skal endrast.
Norddal og Stordal var samde om at namnet på den nye kommunen skulle vere Fjord. Språkrådet var kritisk, av di dette var eit ikkje-eksisterende namn i nokon av kommunane. Departementet meinte allikevel at dei lokale ønskja skulle vege tyngst, og godkjende difor vedtaket.
Etter kommunevalet i 2019 vart Eva Hove frå Arbeidarpartiet vald til ordførar.
Kjelder og litteratur
- «Fjord» i Store norske leksikon
- Kommunal rapport: «Avviser protester fra Språkrådet – lager Fjord kommune» (publisert 22. februar 2018).
- NRK Møre og Romsdal: «Hove blir ordfører i Fjord kommune» (publisert 14. september 2019).
- Regjeringa.no: «Vedtar ikke grensejustering mellom Stranda og nye Fjord kommuner» (publisert 2. juli 2018).