Sande kommune
| Sande kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1514 |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Kommunesenter | Larsnes |
| Areal | 93.24 km² |
| Areal land | 90.17 km² |
| Areal vann | 3.07 km² |
| Folketall | 2 435 (2025) |
| Grunnlagt | 1867 |
| Sammenslåing(er) | 1964: Skredestranda (Rovde) og del av Herøy innlemma |
| Fradeling(er) | 2002: Åram overførd til Vanylven |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Sande kommune ligg på søre Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke og grensar til Herøy i nord og aust, Vanylven i sør og Selje i sørvest. Kommunen vart oppretta i 1867 då Herøy vart delt. Rovde vart utskild som eigen kommune i 1905, men i 1964 vart ein del av kommunen attendeført til Sande. Resten av Rovde vart samanslegen med Vanylven. Administrasjonssenteret i Sande kommune er Larsnes.
I landbruket finn ein små bruk, ofte drive i kombinasjon med anna næring. Verkstadindustrien står sterkt i kommunen. Ein finn òg næringsmiddelindustri og andre industriverksemder.
Administrasjonshistorie
Kommunereformen 2014–2018
Torsdagen den 8. desember 2016 skreiv ordførarane i Sande og Herøy kommunar under intensjonsavtalen om å slå saman dei to kommunane. Namnet ligg an til å verte det nyskapte Havøy kommune. Fosnavåg er det planlagde kommunesenteret i den nye kommunen med sine kring 11 500 innbyggjarar. Saka skal opp i formannsskapa i begge kommunane, og det ligg an til folkeavstemning om kommunesamanslåinga i januar.[1]
Fotnotar
- ↑ «Herøy og Sande blir «Havøy»» på Smp.no, publ. 08.12.2016
|
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
