Fåberg (Jostedalen)
Fåberg er ein namnegard og ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Dette er dei fremste gardane i hovuddalføret i Jostedalen og ligg på austsida av Jostedøla. Grenda grensar i sør til matrikkelgarden Elvekrok og i vest mot Jostedøla.
Grenda har to matrikkelgardar, Fåberg nedre (grn. 204) og Fåberg Øvre (gnr. 205). Fåberg er nemnd fyrste gong i det eldste dokumentet som nemner Jostedalen etter øydetida, presteskattelista frå 1596. Alt her er det nemnt to gardbrukarar i Faaberg, Pouell og Halffuor, og dei skulle betale like mykje i skatt.[1]
I bygdeboka vert det hevda at Øvre Fåberg var den eldste garden og at Nedre Fåberg vart utskilt kring 1612.[2], men då er det ikkje teke omsyn til at det var to gardbrukarar med jamstor skyld i grenda alt i 1596. I matrikkelen 1647 er det to gardbrukarar i Faaberg og Foeberig, som før med jamstor skyld.[3] I matrikkelen frå 1660-åra har Nedre Faaberg (nr. 15) og Øffre Faaberg (nr. 16) kvart sitt løpenummer.
Notar
- ↑ Skattelista 1596 (Jostedal historielag)
- ↑ Øyane 1994, s. 687
- ↑ Matrikkelen 1647 for Jostedalen (Jostedal historielag)
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-747.(digital utgåve, NBdigital)