Wessel-Bergs reskriptsamling
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wessel-Bergs reskriptsamling er ei kortnemning for ei samling av kongelege befalingar og føresegner frå einevaldstida. Den fullstendige tittelen er Kongelige Rescripter, Resolutioner og Collegial-Breve for Norge i Tidsrummet 1660–1813. Verket kom ut i fire band i åra 1841–1845, og med eit registerband som kom i 1847. Utgjevaren var juristen Frederik August Wessel-Berg, som da var tilsett som fullmektig i Justisdepartementet. Samlinga er kronologisk ordna. Men takk vere registerbandet får ein ein god tematisk inngang til det same stoffet.