Wessel-Bergs reskriptsamling
Wessel-Bergs reskriptsamling er ei kortnemning for ei samling av kongelege befalingar og føresegner frå einevaldstida. Den fullstendige tittelen er Kongelige Rescripter, Resolutioner og Collegial-Breve for Norge i Tidsrummet 1660–1813. Verket kom ut i fire band i åra 1841–1845, og med eit registerband som kom i 1847. Utgjevaren var juristen Frederik August Wessel-Berg, som da var tilsett som fullmektig i Justisdepartementet.
Samlinga er kronologisk ordna. Men takk vere registerbandet får ein også ein tematisk inngang til det same stoffet. Registeret består av i alt 71 emnegrupper som reskripta etc. er sorterte under og oppførte i kronologisk orden. Det er ikkje stadnamn- eller personregister.
Dei fleste dokumenta er innførte som regestar (korte samandrag), men ein del viktigare føresegner også i fulltekst. Det er ei mengd krysstilvisingar til relaterte bestemmelsar, og mange ekstra opplysningar elles som aukar kjeldeverdien av samlinga.
På Nettbiblioteket
- B. 1. 1660–1746(juli). Digital versjon på Nettbiblioteket.
- B. 2. 1746(august)–1780. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- B. 3. 1781–1796. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- B. 4. 1797–1813. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- B. 5. Register. Digital versjon på Nettbiblioteket.