Frederik August Wessel-Berg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
F.A. Wessel-Berg, 1890.
Foto: Ukjent/Nasjonalbiblioteket

Frederik August Wessel-Berg (fødd i Sem i Tønsberg 27. juni 1809, død på Kongsvinger 8. november 1895) var jurist og embetsmann. Namnet er mest kjent frå Wessel-Bergs reskriptsamling, ei fem bands utgåve av kongelege befalingar og føresegner frå einevaldstida 1660-1813.

Familie

Han var son av justitiarius Jens Christian Berg (1775–1852) og hans fyrste kone Hedevig Marie Elisabeth Wessel (1773–1816). På den tida Frederik August vart fødd, som den yngste av tre sysken, var faren birkeskrivar (sorenskrivar) i Søndre Jarlsberg. Familien åtte og budde på garden Gulli i Sem.

Wessel-Berg gifta seg i 1837 med Pauline Augusta Clausen (død 1872), dotter av tollbetjent i Christiania Lars Clausen og hustru Louise Thrane. Etter at fyrste kona døydde inngjekk Wessel-Berg nytt ekteskap i 1879 med Elisabeth Margrethe (Betzy) Nielsen (fødd 1836). Ho var dotter av Nils Berg Nielsen, eigar av SkansgardenVinger, og Ursulla Maria Gaarder Rynning.

Utdanning og embetskarriere

Wessel-Berg vart student frå katedralskulen i Christiania i 1827. Han tok juristeksamen (cand. jur.) ved universitetet i Christiania i 1835. Allereie i studietida vart han tilsett som kopist i Justisdepartementet (1835), avanserte til fullmektig og var departementstilsett til 1849. Da vart han utnemnd til fut i Orkdal og Gauldal. I 1857 vart han amtmann i Nordre Trondhjems amt. I 1866 fekk han embetet som sorenskrivar i Vinger og Odalen, som han etter søknad vart innvilga avskil frå i 1880.

Reskriptsamlinga og anna publikasjonsverksemd

I åra 1840–1845 gjennomførte Wessel-Berg eit storarbeid med utgjevinga av kongelege befalingar og føresegner («Rescripter, Resolutioner og Collegial-Breve») frå einevaldstida 1660–1813. Dette vart gjort ved sida av full stilling i departementet i tillegg til det han sjølv kallar «andre heterogene Sysler». Det resulterte da også i at han vart overarbeidd og fekk eit mentalt samanbrot, slik vi vel å tolke formuleringa hans i forordet til siste bandet: «en Nervesvækkelse og derpaa følgende heftig Nervefeber». I det same forordet uttrykkjer han takksemd til faren, den røynde juristen og ivrige pioner innan den nasjonsbyggande historieskrivinga, J. Chr. Berg: Farens «ualmindelige Hukommelse, samt grundige og klare Oversigt over Materien, i Forbindelse med hans rige Skat af Notater og Samlinger herhen hørende, har baade været mig til stor Lettelse ved mit Arbeide og derhos tjent til at give samme en større Fuldkommenhed». I 1847 gav han ut registerbandet til reskriptsamlinga. Han skriv der i forordet at registeret «for en stor Deel» er utarbeidd av kand.jur. Hjalmar Gjertz.

I ulike fora utgav Wessel-Berg ei rekkje historiske kjeldeutgjevingar, historiske utgreiingar og kommentarar til kultur- og samfunnsdebatt. Dessutan utgav han anonymt ei biografisk skisse av faren (1843).

Ordensutnemningar

F.A. Wessel-Berg vart utnemnd til riddar av den svenske Nordstjerneordenen i 1863 og likeins riddar av St. Olavs orden i 1866 «for fortjenstfuld Embedsvirksomhed».

Kjelder og litteratur

  • Halvorsen, J.B.: Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880. Utg. Den Norske Forlagsforening. 1885–1908. Bd. 6. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet : bind 1 Biografier A-K. Utg. Steen'ske bogtrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjonNettbiblioteket. (Artikkel om Jens Christian Berg s. 70–71.)
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet : bind 1 Biografier L-Ø. Utg. Steen'ske bogtrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjonNettbiblioteket. (Artikkel om Wessel-Berg s. 1027.)
  • Wessel-Bergs reskriptsamling, bind 4. 1797–1813. Digital versjonNettbiblioteket. (Fortale s. v–viii).