Elgfaret (Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Elgfaret i Bø i Midt-Telemark kommune er ein blindveg i Breisås bustadområde med to greiner som går sørøstover frå Bordvegen.
Busetnaden i vegens eine grein, nr. 1-11, er vanlege bustadhus, mens nr. 14-33 i den andre greina er 16 hus med tilsaman 128 studenthyblar. Desse er «Breisås 3», frå 1994 og «Breisås 4» frå 1996, og utgjer halvparten av hybelhusområdet. «Breisås 1» og «Breisås 2» ligg til Venåsvegen . Det er Studentsamskipnaden som eig hybelhusa.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge