Frivollvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jan. 2020 kl. 03:02 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Frivollvegen sett oppover frå skillet mellom Bøgata og Seljordvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Frivollvegen i sentrum i Midt-Telemark kommune er ein blindveg som går nordøstover frå krysset i overgangen mellom Bøgata og Seljordvegen.

Dette er adkomstvegen til Bø ungdomsskule som ligg her og elles nokre bustadhus. Vegen har namn etter eigedommen «Frivoll» med tidlegare Folkets hus, og blei namnsett 1983. Den er omlag 330 m lang.

I 1970 blei det vedteke at distriktshøgskulen for Telemark skulle leggast til Bø. Kommunen måtte skaffe hus, og dei vedtok å sette opp førebels hus for skulen på Frivoll. Frå februar til august 1971 blei husa sette opp, og til saman utgjorde desse 3319 m².

Folkets hus blei rive i 2005.

Frivollvegen 10, tidlegare Telemark distriktshøgskole med nytt tilbygg for Bø ungdomsskule.
Foto: Roy Olsen (2017).

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982.


Koordinater: 59.41518° N 9.05601° Ø