Torsbergåsen (veg i Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Torsbergåsen er ein 228 meter lang blindveg på Nordbø i Bø i Midt-Telemark kommune som går aust- og nordover frå Huldrevegen i Torsbergåsen bustadfelt som består av 11 einebustader.
Vegen blei namnsett i 1999. Kva som ligg til grunn for namnet Torsbergåsen, veit ein ikkje, men det kan skuldast ei mistyding. Namnet Torsbergåsen er ikke kjend frå gamalt av, men det er derimot Torskåsåsen. I 1825 kjøpte Halvor Torsteinsson på Nordistugu Nordbø Huldrejordet og Torskåsåsen ifølge Bø-soga.
Ørnulf Nordbø (1925–2009), som budde på Nistugu Nordbø heile livet, meinte namnet Torsbergåsen var feil, og at det skulle ha vore Torskåsåsen.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bøsoga, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid, s. 206 og 208.