Hans Dedekam (1872–1928)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. sep. 2022 kl. 22:49 av Stigrp (samtale | bidrag) (div)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Dedekam (fødd 27. august 1872 i Kristiania, død 1928 i Oslo) var kunsthistorikar og museumsmann.

Foreldra var byråsjef Hans Ellefsen Dedekam (1844-1912) og Thora Wilson (f. 1848). Han vart i 1914 gift i Trondheim med Anna Kamilla Hansen.

Dedekam tok examen artium i 1891 ved Aars og Voss skole i Kristiania. Han vart cand.mag. i 1898 og arbeidde eit par år som assistent ved Nasjonalgalleriet. I 1900 vart han tilsett som assistent og bibliotekar ved Kristiania Kunstindustrimuseum. Der arbeidde han til han i 1909 vart direktør for Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondhjem etter Jens Thiis. I 1919 vart han direktør for Kristiania Kunstindustrimuseum.

Hovudverket hans er Hvitsøm fra Nordmør (1914), eit stort, plansjeverk, der han i innleiinga gjev interessante tilskot til forståinga av tilhøvet mellom europeisk stilkunst og norsk folkekunst.

Kjelder og litteratur


Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!