Jon Løyland (1887–1975)
Jon Løyland (født Jon Olavson Løyland 22. november 1887 i Valle, død 8. juli 1975) var gardbrukar på Lande i Grendi i Bygland kommune, lærar fleire stader i Aust-Agder, forfattar og fotograf.
Han var oppteken av kulturhistorie, og samla folkeminne i ei bok. Eit manuskript som truleg skulle verte eit framhald av Gamalt or Sætesdal vart gjeve ut i 2008, redigert av Leonhard Jansen. Mykje av stoffet var kjent frå hans foredrag rundt om i Agder. I boka er det også bilete han sjølv tok. Han skreiv i 1945 om seg sjølv: «Har drive litt fotoarbeid og fått laga prospektkort i over 20 år. Har vore lærar. No bonde og husflidsarbeidar». Arbeidet som han utførar er «Fotografering, kopiering, forstørring etter film».
Då Agder historielag vart skipa i 1914, kom han med i styret, og han sat i styret i 50 år, frå han var 27 til han var 77 år gammal. I tre periodar var han formann i laget. Frå 1939 til 1964 var han og styreleiar i Setesdalsmuseet. Han laga og sitt eige museum i Løylandsloptet. Både museumssamlinga og biletsamlinga er i dag på Setesdalsmuseet.
Jon Løyland var gift med Gyro Løyland f. Olavsdotter Hovet (1896-1990), og etterlot seg barna Gyrid Trydal f. Løyland (1926-2012) og Jon Løyland, samt barnebarn.
Sjå også
Kilder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Jon Løyland på Digitalt museum.
- Jon Løyland på KulturNav
- Bonge, Susanne: Upublisert materiale (SFFR)
- Jansen, Leonhard (red.): Soger og segner, viser og vers. Utg. Agder historielag. 2008.
- Jon Løyland på Setesdalswiki
- Jon Løyland i Historisk befolkningsregister
![]() |
Jon Løyland (1887–1975) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |