Frida Hirsch (1868–1943)
Frida Hirsch, f. Dublinsky (f. 16. juni 1868 i Szczucin (Stutzin), Gubernia łomżyńska, Polen; d. 1943) var gift med Joel Jacob Hirsch. Han vart tilsett som religionslærar i det jødiske samfunnet i Trondhjem i 1891, men det var først etter at han sa opp arbeidet der og begynte som forretningsmann at Frida og dei to borna kunne koma etter i 1894. Dei kom etterkvart til å få åtte barn saman og slo seg endeleg til i Kristiansund kring utbrottet av første verdskrigen. Frida Hirsch var initiativtakar til og formann i den jødiske kvinneforeininga i Kristiansund. Hovudmålet med foreininga var «ved utlodning å samle inn penger til hjelp for nødlidende». Foreiningskveldane inkluderte musikk, diskusjon av aktuelle jødiske spørsmål og høgtlesing av aviser på tysk, engelsk og jiddisch.[1]
Fotnotar
- ↑ Etter eit udatert sitat frå Hatikwoh sitert i Mal:Borøchstein 2000.
Kjelder
- Borøchstein, Ove: J : historien om kristiansundsjødene. Kristiansund (Ibs Forlag), 2000. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Mal:Mendelsohn 1969
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 2 Digital versjon på Nettbiblioteket
- Frida Hirsch i Historisk befolkningsregister.
Frida Hirsch (1868–1943) inngår i Snublesteinprosjektet på Lokalhistoriewiki og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |
|