Frida Hirsch (1868–1943)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frida Hirsch, f. Dublinsky
Snublesteinar til minne om familien Hirsch.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Frida Hirsch, f. Dublinsky (f. 16. juni 1868 i Szczucin (Stutzin), Gubernia łomżyńska, Polen; d. 1943) var gift med Joel Jacob Hirsch. Han vart tilsett som religionslærar i det jødiske samfunnet i Trondhjem i 1891, men det var først etter at han sa opp arbeidet der og begynte som forretningsmann at Frida og dei to borna kunne koma etter i 1894. Dei kom etterkvart til å få åtte barn saman og slo seg endeleg til i Kristiansund kring utbrottet av første verdskrigen. Frida Hirsch var initiativtakar til og formann i den jødiske kvinneforeininga i Kristiansund. Hovudmålet med foreininga var «ved utlodning å samle inn penger til hjelp for nødlidende». Foreiningskveldane inkluderte musikk, diskusjon av aktuelle jødiske spørsmål og høgtlesing av aviser på tysk, engelsk og jiddisch.[1]

Fotnotar

  1. Etter eit udatert sitat frå Hatikwoh sitert i Borøchstein 2000.

Kjelder


Snublesteiner Gml. Drammensvei Stabekk.JPG Frida Hirsch (1868–1943) inngår i Snublesteinprosjektet på Lokalhistoriewiki og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.


Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!