Syver Bøje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. apr. 2013 kl. 09:03 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Syver Bøje''' (fødd i Skjåk 15. mai 1866 død same stad 1937) var skreddar og jordbrukar, og han var ein kjend aktør i samfunns- og kulturliv i Skjåk og Lom. Han var ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Syver Bøje (fødd i Skjåk 15. mai 1866 død same stad 1937) var skreddar og jordbrukar, og han var ein kjend aktør i samfunns- og kulturliv i Skjåk og Lom. Han var fødd i fattigdom og hadde ein omflakkande, vanskeleg oppvekst. Det omskiftelege tilveret heldt han fram med i vaksen alder som familiemann. I tillegg til skreddaryrket var han mellom anna gardbrukar, paktar, plassmann, turistførar og postomberar, og familien budde mange forskjellige stader i Lom og Skjåk. Syver Bøje vart i likskap med fleire av brørne sine kjend i bygda som politikar og organisasjonsmann, særleg knytta til Venstre (Arbeidardemokratane), småbrukar- og norskdomsrørsla. Han var blant aktivistane på nynorsksida da språkskiftet til nynorsk i Skjåk vart gjennomført i 1920-åra. Han skal mellom anna ha hatt direkte innverknad på at lyrikaren Jan-Magnus Bruheim vart så ivrig nynorskbrukar.