Dagny Rønes

Sideversjon per 11. jul. 2013 kl. 09:00 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kat)

Dagny Johanne Rønes (f. 11.7.1923) er ein tidlegare modist og forretningsdrivande i Sykkylven. Ho vart fødd i Halsa på Nordmøre, men kom som nykonfirmert til Ålesund der ho tok utdanning som modist eller hattemakar. I 1948 vart ho gift med krigsveteranen Per Rønes frå Sykkylven. Samme året flytte dei til hans heimkommune. Seinare i 1948 fekk dei dottera, Synnøve, som vart gift med Oddbjørn Ramstad i Sykkylven.

I 1953 starta Dagny eigen forretning under namnet Dagny Rønes Moteforretning. Her laga og selde ho damehattar. Før ho kom i gang med butikken gjekk ho handelsskule og løyste handelsbrev. I 1955 kjøpte ekteparet Karlsen-huset i Aure sentrum der Dagny dreiv forretning i 30 år. Dei selde huset i 1985.

Dagny Rønes engasjerte seg ein del i lokalsamfunnet utanom forretningsdrifta. Mellom anna var ho med i Sjømannsmisjonen i ei årrekkje. Ho vart også innvald i det kommunale eldrerådet. Elles har ho hatt ein kjær hobby i å skrive dikt. Mange av dikta har vore publiserte i lokalavisa Sykkylvsbladet. I 2010 vart ho presentert i Innflyttarboka som Sykkylven sogenemnd gav ut. Her vart eit av dikta hennar "Lys i mørket" trykt:

Lys i mørket

  • Langt inni mørket
  • gjemmer seg et lys
  • men grenser må krysses
  • og hemmeligheter forstås,
  • før lyset blir levende
  • og kilden kan nåes


  • Vi famler i mørket
  • og finner ikke vei,
  • men kilden den er der
  • for deg og for meg


  • Den dagen kommer
  • da det underlige skjer,
  • lyset når oss og vi roer
  • oss ned, mørket revner
  • og lyset møter oss der.


Kjelde:

  • Sunnmørsposten 11.7.2013
  • Sykkylven sogenemnd. Innflyttarboka. Sykkylven 2010.