Tysfjord kommune
Forside for Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune og bibliografi for Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune
Tysfjord kommune (Mal:Bokm./Mal:Nyn.) eller Divtasvuona suohkan (Mal:Lules.) er ein kommune i Nordland fylke. Kommunen vart utskilt frå Lødingens herred i 1869. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningspunktet mellom Salten og Ofoten. Kommunen grensar til Lødingen i Vesterålen over Vestfjorden i nordvest, til Hamarøy i Salten i sørvest og til Ballangen i Ofoten i nordaust. I aust grensar kommunen også til Jokkmokk og Gällivare i Norrbottens län i Sverige. Tysfjord kommune utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg og ligg under Forvaltningsområdet for samisk språk. Det lulesamiske språksenteret Árran ligg på Drag i Tysfjord kommune.
| Divtasvuona suohkan - Tysfjord kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 1850 |
| Fylke | Nordland |
| Kommunesenter | Kjøpsvik |
| Areal | 0 km² |
| Areal land | km² |
| Areal vann | 0 km² |
| Folketall | 0 (2025) |
| Grunnlagt | 1869 |
| Målform | nøytral; lulesamisk |
| Nettside | Nettside |
Administrasjonshistorie
I 1589 låg Tysfjorden under Lødingen prestegjeld. I 1838 vart Lødingen Formandsskabsdistrict, seinare kalla Lødingen herred oppretta med same grensene som prestegjeldet. Tysfjorden vart eige kyrkjesokn i 1857, og soknet vart utskilt frå Lødingen som eige prestegjeld ti år etter, i 1867. I 1869 vart Tysfjordens herred utskilt frå Lødingens herred med same grensene som kyrkjesoknet.
Kjente tysfjerdingar
- Mikal Urheim (f. 1932) - forfattar, predikant og lærar i lulesamisk
- Jack Berntsen (1940–2010) - visediktar, musikar og songar (fødd i Kjøpsvik, men vaks opp i Hamarøy kommune)
- Frank A. Jenssen (f. 1952) - forfattar og fotograf
- Sven-Roald Nystø (f. 1956) - tidligare sametingspresident
- Stig Gælok (f. 1961) - lulesamisk forfattar.
Lenkjer
|
