Giske kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Giske kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1532 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Valderøy ? Valderhaugstranda |
Areal | 40.49 km² |
Areal land | 39.87 km² |
Areal vann | 0.62 km² |
Folketall | 8 692 (2023) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Giske kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal og grensar mot Haram, Ålesund, Sula, Hareid og Ulstein.
Administrasjonssenteret ligg på Valderøy. Kommunen er ein øyommune og består av dei to flate øyane Giske og Vigra, den største øya. De ikkje fullt så flate Godøy og Valderøy. Hovednæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.
Øysamfunnet er knytt saman med broer og undersjøiske tunellar og har fastlandsforbindelse til Ålesund. Ålesund lufthamn ligg på Vigra.
Det er tre kyrkjer i Giske kommune, Valderøy kyrkje på Valderøy, Giske kyrkje på Giske og Vigra kyrkje på Vigra.
Nokre personar frå Giske kommune
- Ragnvald Mørejarl (800-talet) – (i følgje tradisjonen frå Giske)
- Gange-Rolv (900-talet) – normannarkonge (i følgje tradisjonen frå Giske)
- Ragna Marie Blindheim, (1885–1952) – lærarinne.
- Bjørn Brusdal (1948) – biletkunstnar
- Olaf Leon Roald (1952) – biletkunstnar
- Ørnulf Opdahl (1944) – biletkunstnar, fødd i Ålesund, bosett på Godøya