Hallvard Ingolv Aarseth
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Hallvard Ingolv Aarseth (fødd 4. oktober 1899 i Harøy i Sandøy kommune, død?) var lærar.
Han var son av skulestyrar Hallvard Aarseth og Ingeborg f. Flovik. Hallvard I. Aarseth gjekk fyrst millomskulen i Volda, der han gjekk ut i 1917, og byrja så på Volda lærarskule. Aarseth tok eksamen i 1921.
Som nyutdanna var Aarseth lærar i Øksendal 1921-24, dinest arbeidde han eit år ved Kjønnøy skule i Bremnes. Frå 1925 var han tilsett ved Eidsøra skule i Nesset kommune i Romsdal.
I Nesset var han òg kommunerevisor og forretningsførar i overformyndarstyret. Hallvard I. Aarseth var dessutan lærarane sin representant i Nesset skulestyre.
Han var gift med Gudrun f. Angvik, dotter av bonde Martinus Angvik og Marit f. Brakstad. I 1934 hadde paret ein son og ei dotter.
Kilder og litteratur
- [ DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. )]
- Mal:Folketelling person
- Mal:Folketelling person
Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket