Lars Eldevik
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Lars J. Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken.
Bakgrunn og familie
Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i nåværende Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter. Lars Eldevik var gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959).
Davik
Eldevik tok eksamen ved Tromsø lærerskole i 1879, og arbeidde deretter to år som lærar i Måsøy kommune. Frå kring 1881 til 1900 var han tilsett i skulen i heimbygda Davik, og der sat han mellom anna 13 år i formannskapet. I to år var Lars Eldevik ordførar i Davik.
Nes
Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved Dæhli skole på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I folketeljinga for 1910 er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket».
Som pensjonist vart Lars Eldevik den fyrste formannen i Nes historielag, som vart stifta 15. februar 1930. Eldevik og historielaget arbeidde særleg med Nes bygdebok, band I, som kom ut som to bøker i 1943 og 1944.
Kilder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 1835278)
- Finden, Johanne: «Nes historielag 75 år : Bygdebøker og bygdekultur», i Lokalhistorisk magasin 4/2005.
- Mal:Folketelling person
- Mal:Folketelling person
- Mal:Folketelling person
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket