Lars R. Tysnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. des. 2015 kl. 09:08 av Knut Rage (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Lars R. Tysnes (1904-1994).jpg |"Treskogravaren i Ve Ytre" har Lars sjølv skrive bakpå dette biletet. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes|}} '''Lars R. Tysnes''' (1904-1994) va...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
"Treskogravaren i Ve Ytre" har Lars sjølv skrive bakpå dette biletet. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Lars R. Tysnes (1904-1994) var ein mann som sette spor etter seg i lokalmiljøet. Lars var heradskasserar i Tysnes kommune frå 1943 og til han gjekk av med pensjon i 1969. Før det var han styrar i Våge Handelslag i elleve år. Ei tid var han dessutan kasserar i Tysnes Privatbank. I 1934 vart han gift med Margrethe T. Lande (1905-88).

Som ung reiste han til Amerika i 1927. Han var først ein sommar med andre tysnesingar på yachten "Vanity" med ein annan tysnesing, Engel Vaage, som kaptein, men var så fire år på kontorarbeid i Brooklyn, lengste tida i eit reisebyrå - C. A. Hansen & Bro. Han hadde gått på både underoffiserskule og eitt-årig handelsutdanning før han reiste over.

Etter at han kom heim og busette seg i Tysnesbygda tok både han og kona Margrete aktivt del i det sosiale og kulturelle livet i kommunen. Margrethe vart den første lagsleiaren i Tysnes Husmorlag, oppretta i 1936. Han var i si tid med å starta Båtlaget Njord, Studieringen Viking og Tysnes Museumslag, der han var formann i fleire år. I mange år var han også ein aktiv seglar. Han var òg mykje nytta i kommunalt arbeid, han sat såleis i heradsstyret fleire år, i formannskapet og som varaordførar i Tysnes frå 1945-1947. Han har òg vore formann i Tysnes Kraftlag.

Litteratur og kjelder

  • Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog, band II. Utg. Tysnes sogelag 1975.
    Ernst Berge Drange: Tysnes gards og ættesoge, band 3. Utg. Tysnes sogelag 1989.
    Lokalhistorisk arkiv i Tysnes. Registeringskort 1989.

Tysnes kommune Sunnhordland