Torgeir Berulvson
Torgeir Berulvson (fødd 1864 på Galteland i Evje (no Evje og Hornnes kommune), død 1950) var skulemann.
Slekt
Torgeir Berulvson var gift med Ingebjørg Øverland.
Ingebjørg og Torgeir fekk:
- Magne Ingemund fødd 1892. Han døydde av skarlagensfeber 3. februar 1896, 3 3/4 år gamal.[1]
Utdanning
Han tok eksamen ved Kristiansand stiftsseminar i 1883
Arbeid
Torgeir Berulvson kom i 1892 til ungdomsskulen i Aust-Agder. Denne skulen styrde han i tretti år, fyrst som amtsskule, sidan som folkehøgskule og til slutt som fylkesskule.
Frå 1921 var han overlærar ved Kristiansand lærarskule.
Anna arbeid og interesser
Han var med i styret for Kristiansand folkemuseum, det meste av tida som formann.
Berulvson var mykje med i fråhaldsarbeid og målarbeid. Han fekk Klostermedaljen og var heidersmedlem i Noregs mållag.
Sjå Fjære maallag.
Taler
Berulvson var ein aktiv mann i ymse rørsler. Han deltok på mange stemner og heldt mange taler.
- Om målsaken på Ungdomsstevne i Froland 13. og 14. juni 1897.[4]
Skriftleg arbeid
Sakprosa
- "J. Løvland" i "Setesdals ungdomsskole 1876-1926"
- "Prost Bruhjells arkivutskrifter" i boka "Fjære kirke", utgitt av Fjære historielag 1940.
Debattinnlegg
- ""Vestlandsposten" og Sladderet", Fedraheimen 30/1/1886
Dikting
- "Ei Beledros" (novelle) - Fedraheimen 6/1 1886
- "Gamle Mor" (dikt) - Fedraheimen 19/3/1887
Minner og utklipp
1912: Losje Terje Viken annonserer sin årsfest
1915: Torgeir Berulvsons skriv om "Samling", del 1
1915: Torgeir Berulvsons skriv om "Samling", del 2
Kjelder og litteratur
- Usignert artikkel i Norsk Allkunnebok band II. Oslo 1951.
|