Torgeir Berulvson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgeir Berulvson
Foto: fra: Setesdals ungdomsskule 1876-1926

Torgeir Berulvson (fødd 1864 på Galteland i Evje (no Evje og Hornnes kommune), død 1950) var skulemann.

Slekt

Torgeir Berulvson var gift med Ingebjørg Øverland. Han er fødd 13. mars 1865 på Evje. Ingebjørg er fødd 23. mai 1859 i Seljord.

Ingebjørg og Torgeir fekk:

Familien bur på Vigmarken i Landvik i 1900.[2] I 1910 bur dei på garden Augland (Ugland) i Fjære, gnr 18, bnr 10. Torgeir er då omtala som amtsskolebestyrer & gaardbruker[3].

Ingebjørg Berulvson arbeider som husmor og læreride i haandarbeide i 1900.

Augland i Fjære

Berulvson kjøper gard i Fjære på auksjon 6. november 1908. Han gjer kr 9.700 for eiendommen.[4] I 1918 sel Berulvson garden til O. R. Føreid for kr. 44.000.- I 1927 sel Føreids dødsbu garden til Sara Lund Ugland for kr 16.050.- Ho var gift med Johan M. Ugland.(Det er mogeleg at desse handlene ikkje alltid er heile garden...)

Utdanning

Han tok eksamen ved Kristiansand stiftsseminar i 1883

Arbeid

Torgeir Berulvson kom i 1892 til ungdomsskulen i Aust-Agder. Denne skulen styrde han i tretti år, fyrst som amtsskule, sidan som folkehøgskule og til slutt som fylkesskule.

I 1900 får Berulvson 200 kroner i lærarstipend frå Kyrkjedepartementet.[9]

Saman med skuledirektør Skard har Berulvson ansvar for eit "lærarskeid" i Kristiansand frå 25. juli til 20. august 1910.[10] Frå 1921 var han overlærar ved Kristiansand lærarskule.

Anna arbeid og interesser

Han var med i styret for Kristiansand folkemuseum, det meste av tida som formann.

Berulvson var mykje med i fråhaldsarbeid og målarbeid. Han fekk Klostermedaljen og var heidersmedlem i Noregs mållag. Hausten 1898 er han, saman med mange andre sentrale kulturfolk, med og innbyr til Den norske Markanden, der formåelt er "at vække sansen for vor nationale kultur".[11]

I eit stykke i 1898 skriv Aasmund Olavsson Vinje at Berulvson "er og kar til aa syngja ei folkevise. Han song, las og snakka, so det var ein hugnad".[12]

I 1906 vert Berulvson nominera til stortingsmann frå venstrelag i Landvik og i Fjære.[13]

Sjå Fjære maallag.

Taler

Berulvson var ein aktiv mann i ymse rørsler. Han deltok på mange stemner og heldt mange taler.

Skriftleg arbeid

Sakprosa

Debattinnlegg

  • ""Vestlandsposten" og Sladderet", Fedraheimen 30/1/1886

Dikting

  • "Ei Beledros" (novelle) - Fedraheimen 6/1 1886
  • "Gamle Mor" (dikt) - Fedraheimen 19/3/1887

Minner og utklipp

Referansar

  1. Den 17de mai 6/2/1896
  2. https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037201001002
  3. https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036557001879
  4. SAK, Vestre Nedenes/Sand sorenskriveri, G/Ga/L0015: Panteregister nr. 12a, 1770-1957, s. 11
  5. Vestlandske tidende 5/9/1894
  6. Den 17de mai 30/8/1895
  7. Den 17de mai 18/8/1898
  8. https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036561000779
  9. Den 17de mai 30/6/1900
  10. Stavanger Aftenblad 10/8/1910
  11. Den 17de mai 18/8/1898
  12. Den 17de mai 16/8/1898
  13. Nedenæs Amtstidende 25/7/1906
  14. Folketanken (Risør) 16/6/1897
  15. Den 17de mai 20/7/1898

Kjelder og litteratur


Artikler omkring Fjære historielag:
Foreningshistorien: Fjære historielags første år | Mellomkrigsår og første reetablering | 1940: Boka om Fjære kirke | Fjære historielag 1940-1977 | Reetableringen av Fjære historielag | Juletrær til Orknøyene | Fjære bygdebok | Fjærefolk | Fjære historienemnd
Historiefortellere: Torgeir Berulvson | Eirik Olson Bruhjell | Klemmet Lofthus | Peder K. Grevstad | Karl Ugland | Ole S. Fiære | Olav Uldal | Bjarne Moy | Kjetil Torbjørn Frogner | Anne Tone Aanby | Per Fuhr Assev | Johan Anton Wikander | Reidar Marmøy