Ole Eriksen Foss (1730–1802)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ole Eriksen Foss (fødd 1730, død 1802 i Horg) var rokkmakar og gardbrukar. Han er den første av rokkmakarane vi kjenner til i grenda Gylland i Horg, no i Melhus kommune. Denne bygda vart kjend for sin rokkproduksjon.
Han vart i 1759 gift med Kirsti Jensdatter Rønningen (1739–1820). Dei fekk tre born:
- Marit Olsdatter Rogstad (1759–1837). Gift med Arnfinn Arntsen Rogstad på Rogstad i Støren.
- Erik Olsen Foss (f. 1764).
- Jens Olsen Foss (1770–1855), rokkmakar og gardbrukar. Gift med Hilde Pedersdatter Vollan, fem born.
Ole Eriksen var på Rønningen frå 1776. Han kom så til garden Foss kring 1780, og eigde ein del av den. I 1797 dreiv han ein part av garden. Sonen Jens Olsen tok overgarden, og vart rokkmakar som far sin. Eine soneson, Jens Pedersen Foss (1827–1907) vart òg rokkmakar.