Fangstanlegg ved Storhøhalsen, Lesja
Ved Storhøhalsen på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.
Storhøhalsen er ei brei skrånande li ovanfor skoggrensa, nedanfor Storhøe (1868 m.o.h.). På ei litt flatare terasse ca. 300 m nedanfor høgste punktet går det ein tydeleg sti etter reinstrekket, og erfaringar frå eldre jaktperiodar er at reinen ofte trakk her, noko som må ha freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.
Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979 og 1986). Han påviste fire fangstgroper her, to ved sidan av kvarandre of kopla saman med ledegjerde, og to enkeltgroper.
Bilde av anlegget
Grop 2 er «ei av dei som har halde seg best i høgfjellet i Sør-Noreg» (Mølmen 1986) Foto: Arnfinn Kjelland (2018)
Grop 3 og 4 om lag 150-200 m aust for grop 2 Foto: Arnfinn Kjelland (2018)
Litteratur
- Mølmen, Øystein 1979: Villreinen i Snøhetta-feltet. En registrering av fortidsminner etter den gamle villreinfangsten, reinens bruk av feltet, trekkveier, kalvingsområder, historikk m. v. NVE, Statskraftverkene. S. 171. Mal:Bokhylla
- Mølmen, Øystein 1986: Jakt og fangst i Lesja. Frå dyregrav til gevær. Lesja kommune, hovudutvalet for kultur og fritid. S. 171. Mal:Bokhylla