Hole krins
Hole krins (Sætre) i gamle Breim kommune hadde først skulestad på Sætre. I frå 1922 vart Hole krins og Bjørnarheim krins slegne saman til Hole krins med nytt skulehus på Hole.
I frå krinsreguleringa i 1860 var det 24 vekers skule og ein full lærarpost i Hole krins. Alt under krinsreguleringa i 1890 vart det lagt fram forslag om å slå saman Hole og Bjørnarheim krinsar, mem det vart ikkje gjort før i 1922.
Skulehus
Sætre skule
- Byggeår: 1865
- Fungerte som skule: 1865-1922
- Anna bruksområde: Skulehuset vart flytta til Høygardane (Dale) krins. Der fungerte bygget som skule frå 1922-1949.
Hole skule
- Byggeår: 1922
- Fungerte som skule: 1922-1970
- Anna bruksområde: Grenda tok over bygget i 1970. Frå 1986 vart bygge nytta til slåttebarnehage, seinare permanent barnehage. I dag er bygget grendahus.
Skuledagen
Brita J Sæthre fortel om skuledagen i heftet, Skulane i Breim 1739-1989: "Skuletida var ei god tid. Eg hadde gilde lærarar og ser tilbake med stor takksemd mot dei. Dei gav meg verdiar som er gilde å minnast. Krispinus Førde, som eg hadde lengste tida, byrja som regel dagen med songen, Syng i stille morgonstund, og til slutt på dagen, Dagens auga sloknar ut."
Skulevegen
Dei fleste elevane som gjekk på skule på Sætre hadde lang skuleveg og hadde niste med seg. Dei som budde på Sætre, sprang heim til middag i langfrikvarteret, men dei tykte det var eit minus. Nista bestod for det meste av brødskiver eller potetkaker. Det hende at nokon hadde med seg komparar på spann, då vart det feststemning.
Lærarar
Namn | Født | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
Lars Antonsen Hole | Sætre skule | 1865 | 1879 | |||
Krispinus J. Førde | Sætre skule | 1879 | 1919 | Fekk kongens fortenestemedalje for arbeid i skulen i 51 år og 9 mnd. | ||
Mari Verlo | Sætre skule | 1891 | 1904 | |||
Kristi Moldestad | Sætre skule | 1904 | 1918 | |||
Aren Hunskaar | Sætre skule | 1917 | 1920 | |||
Maria Aaland | Sætre skule | 1918 | 1920 | |||
Magnhild Hole | Sætre skule | 1921 | 1922 | |||
Olav Rognebakke | Sætre skule | 1920 | 1922 | |||
Synnøve Tisthamar | Hole skule | 1922 | 1924 | Lærar for småskulen og vikar for storskulen 1922-1923 | ||
Jakob Aa | Hole skule | 1923 | 1960 | Lærar for storskulen | ||
Rakel Støyva | Hole skule | 1924 | Lærar for småskulen | |||
Karoline Skarm | Hole skule | Lærar for småskulen | ||||
Kristianne Glomnes | 1870 | Sandal skule, Bjørnaheim skule, Gåsemyr skule, Reed skule, Høygardane skule, Hole skule, Årdal skule | Lærar for småskulen | |||
Kristi Myklebust | Hole skule | 1948 | Lærar for småskulen | |||
Rakel Støyva Apalseth | Hole skule | 1948 | 1969 | Lærar for småskulen | ||
Dagfinn Myklebust | Hole skule | 1960 | 1969 | Lærar for storskulen |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skuleprotokoll for Hole krins, 1863-1886
- Dagsjournal for Hole krins, 1863-1881