Torkel Aagedal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Torkel Aagedal (fødd 2. desember 1877 i Grindheim i noverande Audnedal kommune, død?) var lærar og lokalpolitikar i Hægeland kommune i Vest-Agder. Frå 1929 var han ordførar i bygda.
Han var son av Anna Knudsdotter og Ole Torjesen; faren var kyrkjesongar. Torkel Aagedal tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1901.
Aagedal hadde fleire vikariat, mellom anna ved framhaldsskular, før han vart tilsett ved Eikeland skule i Hægeland. Han var formann i skulestyret i åtte år, og sat frå 1913 i forliksrådet, der han i 1930-åra var formann. Kring 1919 vart han vald inn i heradsstyret.
XXXX BROR AV Torje O. Aagedal????
Kjelder og litteratur
Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket