Torje O. Aagedal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Torje O. Aagedal (fødd 19. mars 1865 i Grindheim i noverande Audnedal kommune, død 1951?) var lærar, kyrkjesongar og bonde på Ågedal i Grindheim. Han tok og del i kristeleg arbeid og i fråhaldsrørsla.
Han var son av Anna Knudsdotter og Ole Torjesen; faren var òg lærar, kyrkjesongar og bonde. Torje O. Aagedal tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1885.
Han vikarierte ved Byremo skule vinteren 1886 og vart fast tilsett same hausten. Aagedal var lenge med i skulestyret i Grindheim, og i 10 år var han formann. Han var ugift.
Torje O. Aagedal var ein eldre bror av Torkel Aagedal, som òg var lærar.
Kjelder og litteratur
- Torje Olsen i folketelling 1865 for Bjelland prestegjeld fra Digitalarkivet
- Torje Olsen i folketelling 1900 for Bjelland og Grindheim herred fra Digitalarkivet
- Torje Aagedal i folketelling 1910 for Grindheim herred fra Digitalarkivet
- Torje O. Aagedal i Historisk befolkningsregister.
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket