Kvernes stavkyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kvernes stavkyrkje på Kvernes i Averøy kommune på Nordmøre er ei stavkyrkje av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Ein trur at kyrkja kan ha vorte bygd sist på 1300-talet. Karakteristisk for denna kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene. Kyrkja vart omfattande ombygd blant anna med lafta kor i 1633. I 1776 vart kyrkja ombygd att, og i 1810 vart det påsett ein takryttar.
Kyrkja var i 1814 valkyrkje for prestegjeldet.
Galleri
Lenkjer
- Kvernes stavkyrkje i Stavkirke.org
- Kvernes stavkyrkje i Fortidsminneforeningen
- Kvernes stavkyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Koordinater: 63.00547° N 7.72157° Ø