Vestre Slidre kommune
Vestre Slidre | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 0543 |
Fylke | Oppland |
Kommunesenter | Slidre |
Areal | 41.79 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 41.79 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Grunnlagt | 1849 |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Vestre Slidre kommune ligg i Valdres i Oppland. Administrasjonssenter i kommunen er Slidre. Det er ein landbrukskommune, med stor mjølkeproduksjon, skogbruk og fiskeoppdrett.
Kommunen vart oppretta i 1849, da Slidre vart delt i Øystre og Vestre Slidre. Vestre Slidre grensar til Vang i nordvest, Øystre Slidre i nordaust, Nord-Aurdal i aust og Hemsedal i sørvest.
Folketalet var nokolunde stabilt fram til 1990, men i tiårsperioden 1996–2006 gjekk det attende med 7,1 % mot 3,5 % i Valdres som heilskap. Samstundes har turismen vore eit satsingsområde i Vestre Slidre, med utbyggjing av fritidsbustader. I Vaset-området finst det 1500 private hytter, attåt 500 gjestesenger fordelte på utleigehytter, fjellstover og leirskule.
I Vestre Slidre ligg det to kyrkjer frå mellomalderen, nemleg Slidredomen og Lomen stavkyrkje.
- Landskap ved Slidrefjorden.Foto: Nasjonalbiblioteket