Ester Seem (1913-1969)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ester Seem, bilde fra Det norske næringsliv.

Ester Seem (født 6. februar 1913, død 28. april 1969) var frisør i Grong.

Liv og virke

Ester Seem vart født i Overhalla, og var dotter av handelsstyrar og agent Anders J. Seem (1886-1957) og Ingerid Grong (1885-1954). Her budde dei framleis i folketeljinga 1920, da dei var busett på Granly av Ranum. Begge foreldrane var opphavleg frå Grong, og dit flytte dei seinare: I 1952 busette dei seg på Besserud av Medjå.[1]

Ifølgje oppslagsverket Det norske næringsliv fekk Ester Seem ei grundig frisørutdanning med mangeårig opphald i Oslo, der ho òg avla svenneprøva, men i 1941 flytta ho til Grong, der ho den 19. august opna «Frisersalong og fotpleie».[2]

I 1946 fortel Det norske næringsliv at salongen låg i moderne lokale på sentral plass, rett ved hovudvegen og derfor lett tilgjengeleg for gjennomreisande, og at drifta omfatta dame- og herrefrisering, venleikspleie og fotpleie. Seem hadde planar om å utvide drifta og finne eit større lokale, men i 1946 var det vanskeleg «å skaffe apparater til en større forretning».[3] Ikkje desto mindre vart salongen flytta til Hegli hotell ved Grong stasjon i 1947.[4]

Seem døydde i Oslo i 1969 «etter et langt sykeleie», og vart bisett frå Østre krematorium.[5] Ho var ugift.

Fotnoter

  1. Grong bygdebok, side 210.
  2. Namdalen, 21. august 1941, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Det norske næringsliv, side 321.
  4. Namdal arbeiderblad, 11. september 1947, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Namdal arbeiderblad, 30. april 1969, side 5. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur

Kjelder