Halvor Landsverk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Halvor Landsverk (fødd 12. februar 1918, død 9. desember 1999) kom frå Heddal. Han studerte under krigen og blei tatt til fange under tyskaranes aksjon mot Universitetet i Oslo i 1943 og sendt til Tyskland. I 1945 kom han heim att. Han blei cand.philol. i 1948 med norsk som hovudfag. Etter å ha arbeidd nokre år ved Norsk Folkemuseum blei han konservator og museumsstyrar ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland i 1952. I Landsverk si tid som styrar blei den store utstillingsbygningen, "Bondebygningen", reist. Frå 1962 var han fylkeskonservator.
Arkiv
Arkivet etter Halvor Landsverk blir oppbevart ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.
Kjelder
- Oppføring på arkivportalen.
- Halvor Landsverk i Historisk befolkningsregister