Halvor Landsverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Halvor Landsverk kom frå Heddal. Han studerte under krigen og blei tatt til fange under tyskaranes aksjon mot Universitetet i Oslo i 1943 og sendt til Tyskland. I 1945 kom han heim at. Han blei cand. philol. i 1948 med norsk som hovudfag. Etter å ha arbeidd nokre år ved Norsk Folkemuseum blei han konservator og museumsstyrer ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland i 1952. I Landsverk si tid som styrar blei den store utstillingsbygningen, "Bondebygningen", reist. Frå 1962 var han fylkeskonservator.

Arkiv

Arkivet etter Halvor Landsverk blir oppbevart ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder