Kjeldearkiv:1886-11-07 Brev frå Kleiven til Prestgard
1886-11-07 Brev frå Kleiven til Prestgard | |
---|---|
Informasjon om brevet | |
Dato: | 7.11.1886 |
Stad: | Vågå |
Frå: | Ivar Kleiven |
Til: | Kristian Prestgard |
Nr. i samling: | 12 |
Samling: | Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932 |
Oppbevaringsstad: | Opplandsarkivet |
Viktig: | Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator. |
Kleiven 7. 11. 1886.
Kristian!
Du lyt få nokre or att trast, for elles kunde dæ snart dragne i vikevis – eg held på, å skal få dæ travelt no, ser dæ ut for! I morgon skal eg på skrivarkontore på ei skjivtesamling i dæ buslitne bue åt A. Jevne, og så har bygdastyre åttande reisa tekje meg te ligningsmann for Lalms og Sjårdalsfjorungen att. Dæ er no dæ verste svinarbeie av alle “tillidshverv” lel, dæ; no skal eg te å gå umkring i garom å sanke ihop uppgavo over for- og bakmue, inn- og uttækt og så traktera dei meg, skjenkje meg kaffe og lyg meg så full, at eg bli gåande vanhelsa i mange dagar etter. Ja, eg kjenne dreisen. Endeleg, når eg har fått alle lygnene ihaug, lyt eg nori Vågemoen og sitja der i mesta ei vike mæ sjølve ligningen; på den måten kjem den […] ligninga te å stela mindst 14 dagar frå bygdasagnom mine, frå bokbindingen og frå husfreen og alt anna som eg “dyrker frygter og elsker”[1] her på joren. – Nå kunde eg ha mangt å skrive um, men for ikkje bry skallen formykje væl eg dæ lettaste eg råka på – tyngda skal du få seinar!
Fyrst dæ, at vi enno har berr mark i sjølve bygden og tie jor sånær som ei litol tunn skorpe alle øvst i; den 3, 4 og 5te ha vi ein grov “auktion” ve Lalmsbrua “med folk av alle sprog og tungemål” og frå alle fire verdens otti hørno. Eg gjekk der dags dagleg, for eg er “tilsynsmand i boet”, men elles var dæ no for å sjå på jentone eg gjekk der, imillom oss sagt da. Men nokor trøst eller nokon “husvalelse” fekk eg ikkje av syne; eg veit ikkje korleis dæ er, men eg tæk te å tykkja, at alle jentone bli så vakre alle samen og at eg bli så stygg. Å bjo seg fram,¬ – nei, dæ vilde vera å bjo dei lort, dæ har eg på kjennsla. Ja, du ser, at eg er på rett veg her, eg er ikkje “hovmodig” eller går mæ store tanker um “jeget”. Men dette er fulla ikkje for deg dæ, som har så ille stunde, at du ikkje fær ti te å helse på dine skulevenninno eingong. Nei da er dæ truleg annaslag um eg fortæl deg um ei Heiddalsfær eg gjorde for ei vike sia på leiting ette gamle papir og skrivne saker. Av Ø. Hovda ha eg høyrt, at Per Heiddalskleiven skulde ha liggjande ein heil haug og så tok eg ivegen ein mondagsmorgo og gjekk åt Kruke fyrste dagen, andre dagen åt Steinfinsbø og endeleg åt Heiddalskleiven og attende åt Steinfinsbø att den treja. Jau, dæ var likt te dæ var papir der! Tri merralass mæ hundre år gamle skjøto, forlik, domme, reikningo, kvitteringo, 89 gamle håndskrivne Gameleiriker[2], gudelege sangbøk så gudelege, at dæ lugta muggje over heile huse! Å! Eg leitte og leitte og vart meir og meir vonlaus og tok te å gruve for, at eg kom te å gjera berre ei haspereise. Endeleg klårna dæ upp lite: der drog eg upp utur fillhaugen eit heilt ark tettskrive på tri og tehalvta på fjore sia. Dæ var avskrivt av “skolefundats for Våge prestegjeld proponeret av kgl. maj. foged C. Pram og provst Pihl 1742 og approberet av F. von Rappe, statholder og N. Dorf, biskop og konsistorialråd”. Eit forvitnelegt “fund”, du! Dæ gjev go greie på skulestelle i bygden for 146 år sia, eg tænkje eg var temoe, som demantfiskarne, når dei kjem tverrt innpå ein stor glansande rubin. Men, ne i fillhaugen att! U-upp, san! – og upp kom: “instruks for skolemester Knud Pedersen Lien i Hedalens anneks, uddragen av hans kgl. maj. allernådigste forordning”. Instruksen inneheld 10 “poster” og er underskrive av sogneprest Herman Treskov 1742. Og så ne i att! U-u-upp, san! “Til velagte Anders Larsen Hagen, skoleholder i Fintryen på Våge. Dette tjenligst til hannem på skolestædet”. Breve er frå Knut Pedersen truleg frå 1750 – er “fortroligt” skrive og kastar ljos over dei vilkår skulmestarane livde under i di dagom. Er lite fleip i breve au. Ne i att på nytt! Ka er dæ for ei fille da? “Liste over de børn som har været i skolen fra 14de oktober 1790 til 14de julij 1791 i Hedalens anneks”. Lista er upplina i bolka (rubrikker) for namnom, alder, kormange viker dei har vore i skulen, og kva slags utgave av ’om Gameleirik dei har nått upp te. Så ne i att og djupar enn førr! “En kort underretning om den nye kirkes bygning i Hedalens anneks, som blev påbegyndt den 18de mai 1751.” Og så bli dæ fortalt kven som var bygmester kormange timbrare han ha mæ seg, korlængje dei arbeidde på kjørkja, kven som var sme o. m. sl. Så kjem dæ ei lang uppreikning av kven som var øvrighed i væren den gongen likefrå Chr. Kvint[3] og dronninga, den “høytelskelige Lovise som og døde samme år” og ne åt “bondelensmanden Hans Povelsen Toldstad”. Deretter bli alle garbrukarane uppreikna, i Steine var mannen dø, så “enken regjerede gården”. Teslut fortel papire um innvigjinga, fyrste messa, fyrste like på kjørkjegaren, fyrste dåpshandlinga, fyrste bruvigsla og kven som sto “skrifte” fyrste gongen “hvilken var en egtemand som havde begået hoer, en husmand under Ekre ved navn Lars Guttormsen”. “Velærværdige hr. Johan Storm” var sogneprest her den gongen – far åt diktaren. Dæ var dæ eg fann i Hedalskleiven og eg var væl fornøgd mæ fangsta; alt skal koma orlyandes i boka mi! Eg fækk reint som ein sjukdom – som ein mani for gamle papir og um morgon drog eg åt Ellingsbø og te å endevende eit gamalt forunderlegt rart eikjeskrin fullt mæ gamle papir! Der fann eg eit skinnbrev som eg oversette ratt og fleire gamle papir frå middelalderen; men dei ha ikkje stort vær for meg, for riksarkive kunde dei derimot ha værdaga og eg senda dei no dit, eg. Likeså skreiv eg åt professor Rygh um den rare kista. Eg fann fleire småting som kasta lite ljos over sume ting som vekjem sagnom mine, men elles fann eg ikkje noko av vegt. Mannen[4] vilde få meg te å “ordne” alle dei gamle papir som vekom garen og så vart eg verande der i 2 utlange dagar og neter og dæ var ikkje meg imot, ser du. For eg livde no på herrevis, som eg altid gjerer når eg er i Hedalen, dei er gasta folk te å føe meg godt, deruppi, og så – ja – så trefte eg no att den budeia i Vålbu au, da, ser du og har eg ikkje vore ein slik skjellinglaus fant og ikkje vore så tunnhåra og ikkje havt såmange skrukke i skallen, ja, så hunn rugge meg, kunde ikkje dæ snart øykt seg, dæ!
Seinar har eg etla meg te å “ransage skrivterne” på Slette og Heringstad, O. Austrem held på å gjere utdrag av Diplomatarium norvegicum åt meg og sjøl skreiv eg igjår åt “velærværdige hr. Gerhard Holmbo” um dæ kunde vera rå på rimelege vilkår å få utlånt kalds- og ministerialbøkerne eit 14 dagars ti. Eg gjorde meg så lærd som moglegt, tala både um rigsarkiv og dipl. norveg. og gav meg mine, som um dæ galdt uppklåring av eit av dei myrkaste “avsnitt” av vor saga. Dæ kjem no an på ka svar eg fær. Du ser, at eg har kløerne ute på alle kante for den gudommelege boka mi, som eg no stærkt tænkje på å kalle: “Frå gamle daga”. Arbeie på sjølve boka ligg elles stillt no i dei siste tiom, men eg har tænkt å fått gjort frå meg ein go mon førre jul.
I førre breve mit gjorde eg nok Åsmundsta’en urett da eg meinte, at eg ha fornerma han så mæ dæ breve eg skreiv åt honom i haust, at han ikkje vilde skrive åt meg meir. Jau, no har eg fått brev frå honom frå Askov og dæ eit, som var svært rimelegt au.
Um Skars og Arvesens reise som du be meg å fortelja um, er å melle, at Skar sikkert ikkje gjorde nokon “proselyt” heruppe. Nei da er nok dølane meir skylde Arvesen og dæ rumme, frie livssyne hans. Nå nyleg ha oftedølane fest på Vetlehamar for regjeringa der Kr. Fougner heldt ei ægte oftedølsk festtale, som ikkje var noko tes i nokon måte. Han tala um å levera ut vor kristendom, grundloven og kristendommen – å ja han er forgamal. Elles styrkte denne festmiddagen på Vetlehamar korkje regjeringa eller oftedølane, dæ kan dei lite på, dei trongskallane derute. Likesom Oftedølane kjem te å gjera både bøndom og kristendomen ei bjønntenest, um dei fær noko framgang mæ tullrie sitt, så gjorde dei no mæ denne festen regjeringen ei bjønntenest. Jakob Sverdrup heldt ei smeikjetale for bonden, som var te å få forstand av – når framgang fortæl, at dæ lit på og held seg te “bondeskjønnet” så er dæ ein limpinne som “oversat” heiter “bondedumheit”, klassedumheit. Bondeskjøn! Å, reis dit peparen gror og ta alt bakstræv og alle gudelege skildt mæ!
Mæ desse harske slutningo lyt eg bea væl leva denne gongen. Næste gong eg skriv kan eg fulla fortelja einkvart, for no fredag skal kveldskulegreia mi gjenom skulekommisjonen! Kjem an på; eg var på Ullmanns skule ifjor, veit du, ergo er eg farleg. Førr, no og alltid
din gamle
Ivar.
Hels Åsmundsta’en! Helsing frå Iver og Pål!
Fotnoter
- ↑ Frå bolken om det første bodet (spørsmål 59: "Hvad er en Afgud?") i katekismeforklaringa Sandhed til Gudfrygtighed (1737) av Erik Pontoppidan. Boka kom i mange opplag og var i fast bruk i Kleivens skuletid.
- ↑ E. Pontoppidan: Sandhed til Gudfrygtighed.
- ↑ Mistak for Fredrik V.
- ↑ Kristen Ellingsbø (Storvik).