Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2012-39
Kvinnelista i Skjåk 1928. Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn i 1928 vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste. Den kom i tillegg til to partipolitiske alternativ, nemleg Bondepartiets liste og «Småbrukernes og arbeidernes liste», som var ei samlingsliste for Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet. På båe desse var det oppført berre menn.
Kandidatane på kvinnelista var Guro Tråstad, Tora Bræk, Torø Hørven, Tea Kummen, Live Moen og Ragna Viken Når ein går nærare inn på kven kvar einskild av dei var og kva bakgrunn dei hadde, blir det openbert at dei representerte eit kvinnealternativ på tvers av partipolitiske og sosiale skiljeliner i bygda.Ved valet fekk kvinnelista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk.Les mer...