Live Moen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Live Moen ca. 1910. Fotograf ukjent.

Live Moen (fødd i Lom 13. oktober 1879, død i Skjåk 1968) var arbeidar og småbrukar. Før ho gifta seg, brukte ho etternamnet Grindstuen etter ein plass under Lyngve i Vårdalen (Garmo sokn), der familien budde ei tid medan Live var barn. Ho flytta til Skjåk da ho gifta seg, og vart buande der livet ut. Live Moen var ei av seks kvinner som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.

Foreldra var Ola Jonsson (ca. 1841-1903) frå Vågå og Torø Larsdotter frå plassen Roi under gnr. 7.2 Frisvoll i Vårdalen (f. 1846). Familien var plassfolk på fleire plassar: Eklelykkja i Garmo, i Synstlia i Vågå, og i 1882 fekk dei husmannskontrakt på Grindstugu. Før 1900 kom dei til ein annan plass under Lyngve, Øvre Runningi.

På folketeljingstidspunktet 1900 er Live registrert som budeie på Graffer, ein større gard rett i nærleiken av barndomsheimen Grindstugu.[1] Ho budde da i fjøset på Graffer. Sidan var ho mellom anna i teneste på gardar på Lesja. I folketeljinga 1910 er ho såleis registrert som budeie og husarbeidande på Hådi.[2]

Ektemannen Ola O. Moen. Fotograf ukjent.

I 1912 gifta ho seg med vegarbeidar Ola O. Moen frå det vesle bruket Turrmoen på Dalane i Skjåk (1876-1956). Ho skal ha lært han å kjenne medan ho arbeidde på garden Holåk på Lesja. I familien blir historia om dette fortalt slik: Ola var på anlegg på Dovrebana (Otta-Dombås). Så gjekk han ein gong gjerandslaus, kanskje var det ei helg, og visste ikkje riktig kva han skulle ta seg til. Da sa kona på Hålok at han fekk kaste staven sin og gå i den retninga den peikte. Staven peikte dit Holåk hadde seter. "Da kan du gå å helse på den pene budeia vi har der, ho er frå Lom," sa kona. Slik vart det og slik gjekk det.

Ola og Live bestemte seg for å selje Turrmoen, og dei kjøpte i staden småbruket Søre Ytre (gnr. 24.8) i same grenda.

Dei fekk fire born (Anna f. 1912, gift med Mathias Moastuen, Rolv f. 1915, gift med Kari Andersbakken og brukar på Ytre etter foreldra, John f. 1917, lærar, gift med Sigrid Holmberg og Torbjørg f. 1920, gift med Hans O. Hosar).

Live var samfunnsinteressert og hadde sine meiningars mot. I 1928 stilte ho som kandidat på ei kvinneliste til kommunevalet i Skjåk, saman med fem andre kvinner frå ulike sosiale lag og med ulike politisk ståstader. Live sympatiserte med arbeidarrørsla, slik også andre i familien gjorde. Kjeldene som er gjennomgått, gjev likevel ikkje opplysningar om eventuelle medlemsskap og tillitsverv som ho sjølv har hatt i parti og andre organisasjonar. Derimot var mannen hennar med i den fyrste gruppa av sosialistar/kommunistar som kom inn i kommunestyret i bygda frå 1923, og sonen John var leiar i arbeidarungdomslaget i bygda på slutten av 1930-talet, til det vart forbode etter 25. september 1940.


Referansar

  1. Livø O. Grindstuen i folketeljinga 1900 for Lom herred frå Digitalarkivet.
  2. Liv Grindstuen i folketeljinga 1910 for Lesja herred frå Digitalarkivet.

Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1900
  • Kolden, Jon (red. Arnfinn Kjelland): Bygdabok for Lom 1, side 312 og 319)
  • Ættebok for Skjåk II, side 30, spalte 2.
  • Intervju med John O. Moen for Skjåk bygdebok (i bygdebokarkivet).
  • Munnlege opplysningar frå barnebarnet Live Hosar, september 2012.

Eksterne lenkjer