Louise Østnes (1915-2002)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Louise Østnes født Høilo, bilde fra Det norske næringsliv.

Louise Østnes (født 26. august 1915, død 10. april 2002) var styrar ved Vuku meieri i Verdal.

Liv og virke

Vuku meieri, bilde fra Det norske næringsliv.

Ho vart født Louise Høilo, og var dotter av Ole Høilo (1865-1951) og Sara Oline Bjartnes (1872-1954). Begge foreldrane kom frå Verdal. Dei budde på garden Midt-Rinnan heilt nord i daverande Frol, no Levanger kommune. Syskenflokken var stor, medrekna halvsysken var Louise nummer sytten i rekka.[1]

I 1930-åra var Louise Høilo ei tid ved Hedmark meieriHamar før ho den 1. august 1937 byrja ved Ørlandets meieriskole ved Ørland meieri,[2] og to år seinare gjekk ho ut derifrå med «hovedkarakter 1.68, meget godt».[3]

I august 1940 var ho attende i Innherred, og vart tilsett som bestyrerinne ved Vuku meieri.[4] Her vart ho verande i fleire år, ho var her da meieriet feira femtiårsjubileum i 1947,[5] og sannsynlegvis så lenge meieriet var i drift.[6]

29. juni 1946 gifte Louise Høilo seg med Ola Østnes (1916-2002), og bryllaupet vart feira på Austnes i Vuku.[7] Dei fekk eit langt liv saman, fram til dei gjekk ut or tida med få dagars mellomrom i april 2002. Dei vart begge to stedt til kvile den 19. april 2002 frå Vuku kyrkje. Dei etterlet seg fire born, samt barneborn og oldeborn.[8]

Fotnoter

  1. Bye, side 22; Skaanes, side 133.
  2. Nordre Trondhjems Amtstidende 13. juli 1937, side 2. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Nordre Trondhjems Amtstidende 9. desember 1939, side 2. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Nidaros 3. august 1940, side 5. Digital versjonNettbiblioteket.
  5. Nidaros 8. oktober 1947, side 5. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. Vuku meieri var i alle tilfelle lagt ned i 1953. Adresseavisen 3. mai 1958, side 2. Digital versjonNettbiblioteket.
  7. Adresseavisen 29. juni 1946, side 3. Digital versjonNettbiblioteket.
  8. Innherreds Folkeblad Verdalingen 13. april 2002, side 22. Digital versjonNettbiblioteket; Innherreds Folkeblad Verdalingen 20. april 2002, side 22. Digital versjonNettbiblioteket; Innherreds Folkeblad Verdalingen 25. april 2002, side 22. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur

Kjelder