Møre
Hopp til navigering
Hopp til søk
Møre er eit område i Møre og Romsdal, og nyttast helst som fellesnamn på dei to distrikta Sunnmøre og Nordmøre. I tidleg mellomalder var det namnes på kyststrekninga frå Stad til Namdalen.
Møre bispedømme dekkjer heile Møre og Romsdal, og namnet er eit kompromiss – Romsdal fekk bispesetet i Molde, medan Sunn- og Nordmøre fekk namnet.
Namnet kjem truleg frå norrønt mærr, som i skaldediktinga tyder 'land'. Dette ser ein i samanhang med marr, som tyder 'hav'. jf. latin mare.
Litteratur og kjelder
- Møre på Wikipedia på nynorsk.
- Norsk stadnamnleksikon. Utg. Samlaget. Oslo. 1997. Digital versjon på Nettbiblioteket..