Ole Oldre Hamre
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ole Oldre Hamre (fødd 25. oktober 1908 i Vang i Valdres, død 9. februar 2002) var gardbrukar og lokalhistorikar.
Hamre var frå Vennis i Vang, var gardbrukar og gift med Ingeborg. Dei fekk fem barn. Han var ein allsidig mann, men slektsgransking og tida i snikkerbua var gromme hobbyer.
På Valdres folkemuseum på Fagernes ligg det opptak av gode historiar og visestubbar som han har både laga og fått seg fortald frå sin barndom. I Årbok frå Valdres har han både skrive og blitt intervjua. Han var på 2000-talet Vangs eldste lokalhistorikar og ein kjend mann for mange.
I 2000 ga han ut boka Bestefar o è som han skreiv saman med barnebarnet sitt Olaug Oldre.
Bibliografi
- Bestebar o è. Eige forlag, 2000.
Kjelder
- Opplysninger frå Olaug Oldre (2020).
- Ole Oldre Hamre i Historisk befolkningsregister