Valdres Folkemuseum

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Valdres folkemuseum»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haftonbygningen på Valdres Folkemuseum.
Foto: John Erling Blad (2005).

Valdres FolkemuseumStorøya i Strandefjorden, rett ved Fagernes, er det fjerde største friluftsmuseet i landet. Det har sidan 2006 vore ein del av Valdresmusea. Sidan 2008 har Norsk institutt for bunad og folkedrakt vore ein del av museet.

Skipinga av museet

Museet vart starta opp som eit privat initiativ. Skulestyrar ved Oppland jordbruksskule Nils K. Ødegård foreslo å opprette eit folkemuseum i Valdre i avisa Samhold den 17. desember 1900, og det vart kalla inn til eit møte på Fagernes den 10. mars 1901. Dei seks kommunane i Valdres valde der kvar sin representant til ei arbeidsgruppe. Det var smått med kapital, sjølv etter eit par innsamlingar.

Ole E. Bøe starta på eiga hand å kjøpe inn gjenstandar til museet, og saman med styreformann Knut O. Alfstad fekk han samla kring hundre gjenstandar på kort tid. I 1906 kjøpte dei Valdreshaugen frå garden Nes, og sette opp Handeloftet med gjenstandane. I 1909 hadde samlinga auka til kring 600 gjenstandar.

I 1917 selde dei Valdreshaugen, og kjøpte i dstaden 18,5 dekar på Storøya, der museet sidan har halde til. Eit nytt «velkomstbygg» med festsal, utstillingsrom, magasin, kafé og butikk sto klart i 2010. Det er teikna av Lund Hagem Arkitekter, og er på kring 900 kvadratmeter.

Samlingane

Det er per 2018 kring 10+0 hus og anlegg på museet. Det eldste huset er Uppigard Høve-loftet, som er frå før 1350. Det er òg den eldste verdslege bygningen i Valdres. Eit av dei nyaste er Tvengestølen frå 1948, som vart sett opp på museet i 1998.

Gjenstandssamlinga er no på kring 27 000 ting. Folkemuseet har òg eit folkemusikkarkiv med over 14 000 enkeltspor, og eit fotoarkiv med kring 85 000 bilete. Opplandsarkivet har ein avdeling med kring 700 ulike arkiv på museet.

Bygninger i friluftsmuseet

Nr. Beskrivelse Datering Attreist Frå Bilete
1 Velkomstbygget 2010
2 Administrasjonsbygget
3 Krigsminnesmerke (1940–1945)
4 Minnestein etter Knut Hauge
5 Vegrotestein fra …
6 Gravhaug
7 Folkemusikkhuset
8 Garasje
9 Andris Vang-støga Valdres Folkemuseum - Andris Vang-støga.jpg
10 Høyne skule
11 Bygning frå Jonshegge 1807 1977-1978 Øystre Slidre
12 Stue frå Skattebu 1700-talet 1923 Øystre Slidre
13 Gapestokk
14 Hoveloftet frå Uppigarde Høve 1200-talet 1940-åra Øystre Slidre
15 Rognebygningen fra Sørre Rogne 1600-talet 1923 Øystre Slidre
16 Stall fra Måno 1800 ca. 1938 Nord-Aurdal
17 Loft fra Måno 1700-talet 1923 Nord-Aurdal
18 Stabbur fra Måno 1700-talet 1946 Nord-Aurdal
19 Brennbygningen frå Brenn 1740 ca. 1946 Nord-Aurdal
20 Handeloftet frå Øvre Hande 1600-talet 1923 Vestre Slidre
21 Kårbygning frå Nerre Lome 1800 ca. 1951 Vestre Slidre
22 Prestøybygningen frå Prestøyn 1775 ca. 1933/1934 Etnedal
23 Minnesten etter Jørn Hilme
24 Haftonbygningen frå Hafton 1763 1923 Sør-Aurdal Valdres Folkemuseum, Haftonbygningen.jpg
25 Amfiet
26 Stabbur frå Midtre Sørum 1700-talet 1961 Sør-Aurdal
27 Bensinbu fra Fagernes Nord-Aurdal
28 Bensinpumpe fra Gausdal
29 Krambua Søvelheim fra Vang Vang
30 Nystøga
31 Kilometerskilt
32 Kiosk
33 Telefonkiosk Telefonkiosk Fagernes.JPG
34 Slidrehuset forsamlingshus fra Slidre
35 Ishuset Susen fra Aurdal
36 Tjærebrenning under gryte
37 Stasjonsbu/Kvilebu fra Etna
38 Bu for planovergang fra Leira stasjon
39 Dresinskur fra Leira stasjon
40 Bustadhus frå Flatigarde 1750 ca. 1953/1954 Etnedal
41 Dalestogo frå Dale 1825 ca. 1973/1976 Nord-Aurdal
42 Loft frå Bergji 1663 1974 Nord-Aurdal
43 Totenbua frå Flatigarde 1700-talet 1954 Etnedal
44 Grisehus frå Løtaslette under Solbjør 1954 Etnedal
45 Badstoge frå Løteslette under Solbjør 1952 Etnedal
46 Melkerampe fra Øygarde
47 Bygning frå Ni'igarde Kvie 1849 1959/1960 Vang
48 Buahus frå Ni'igarde Kvie 1700 ca. 1959/1960 Vang
49 Raustestøgo frå Nordigarde Kvie 1700 ca. 1956 Vang
50 Fjøs frå Ni'igarde Kvie 1800 ca. 1959/1960 Vang
51 Låve frå Ni'igarde Kvie 1700-talet 1959/1960 Vang
52 Stall frå Ni'igarde Kvie 1700-talet 1959/1960 Vang
53 Tørrstoge frå Nordigarde Kvie 1700-talet 1956 Vang
54 Smie fra Lome
55 Einangsferja fra Einangssundet
56 Utvandrerhus fra Decorah, Iowa
57 Vegrotestein fra …
58 Bygning frå Høve 1972 Vestre Slidre
59 Stue fra Midtre Tvengji
60 Eldhus fra Lome
61 Lauvløe fra Sygarde Nørre Hamre
62 Tjæreovn fra Dokken
63 Stue fra Dølahushaugen
64 Fjøs fra Kveto
65 Kullgrop
66 Stabbur frå Svinge 1750 ca. 1960
67 Stogo frå Øvre Fristadplassen 1750 ca. 1954 Vestre Slidre
68 Skåle frå Øvre Fristadplassen 1750 ca. 1954 Vestre Slidre
69 Løe frå Øvre Fristadplassen 1750 ca. 1954 Vestre Slidre
70 Låve frå Øvre Fristadplassen 1750 ca. 1954 Vestre Slidre
71 Stall frå Øvre Fristadplassen 1750 ca. 1954 Vestre Slidre
72 Fjøs frå Nygard 1750 ca. 1969
73 Lyftestein
74 Sel fra Øygaardsstøle
75 Fjøs fra Lehøvdstøle
76 Seterbu fra Svartfjell
77 Løe fra Vassetlien
78 Slåttebu fra Beitostølen
79 Løe fra Beitostølen
80 Dusjbad fra Ølken hotell
81 Fiskesløe fra Nystøga
82 Kvernhus fra Mo
83 Kvernhus fra Lalim
84 Sel fra Rennsenn
85 Fjøs fra Haugastølen
86 Mjølkerampe frå Øydgarde 1988 Øystre Slidre
87 Sel fra Tvengjistølen
88 Fjøs fra Tvengjistølen
89 Sel fra Smørlien
90 Reinsbu fra Galdeberg
91 Fangstgrop
92 Røys
93 Røys
94 Reingrav
95 Bogahi
96 Kullgrop
97 Hellekiste
98 Elvelund sag- og plogsmie/Leira perse og fargeri
99 Fiskebu fra Haldorsynøyn

Styrarar

Litteratur og kjelder

Koordinater: 60.9796372° N 9.2346217° Ø