Thor Næss

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Thor Jonsson Næss (fødd 15. mars 1873 i Vik i Sogn, død 1933Tynset) var fotograf. Han dreiv fotograferingsatelier i Bergen, foruten å vere omreisande fotograf.

Han var son av gardeigar Jon Torsson Næss (f. 1849) og Brita Hermundsdotter Næss (f. 1842), og vaks opp på garden Indre Næss i Vik. I folketeljinga 1910 er han oppført to ganger som ugift: tilreisande fotograf på Laurgård i Sel kommune og som losjerande på SvendsgårdDovre. Det går fram av teljinga at han var utmeld av Den norske kyrkja og ikkje tilhøyrde noko trussamfunn.

Fotoutstyret drog han med seg i ei handkjerre etter sykkelen. Han spesialiserte seg på å fotografere folk og verksemd på anlegg rundt om i landet, og han tente bra på å omsette bilete til anleggsarbeidarane. Næss budde mellom anna i Oppdal i fleire periodar, der han produserte og omsette ei mengd bilete. Det er usikkert kvar utstyret og negativa etter Næss finst.

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Thor Næss er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!