Vågsøy kommune
Vågsøy kommune ligg i Sogn og Fjordane, og er fylkets minste kommune etter areal. Administrasjonssenteret er tettstaden Måløy. Det finst fire andre tettstader i kommunen: Raudeberg, Holevik, Vågsvåg og Bryggja. Kommunen vart oppretta i 1964, då Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy og nordsida av Nordfjord vart samanslegne. Husevågøy og Gangsøy vart overførte frå Davik, medan Silda vart overført frå Selje. I samband med Kommunereforma 2014-2018 har kommunane Vågsøy og Flora å slå seg saman til Sunnfjord kommune, med verknad frå 1. januar 2020. Vågsøy og Flora har ikkje felles grense.
Vågsøy kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1439 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Måløy |
Areal | 5.34 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 5.34 km² |
Folketall | ukjent kode (2023) |
Grunnlagt | 1964 |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Fiske er ein viktig næringsveg, og Vågsøy er fylkets største fiskerikommune etter levert fangst. Industrien er i stor grad retta mot fisket, men det har i seinare år óg kome ein del teknologiverksemder til kommunen.
Sidan 1960-talet har Vågsøy hatt svak nedgang i folketalet. I tiårsbolken 1996–2006 sank det med 5,8 %.
Kystkultur
Kommunen har fire fyrstasjonar, nemleg Hendanes fyrstasjon, Kråkenes fyrstasjon, Skongenes fyrstasjon og Ulvesund fyrstasjon.
Kjelder
- Vågsøy - kommune i Store norske leksikon
- Vågsøy på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012 frå SSB
|