Ulvesund fyrstasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulvesund fyrstasjon
Oppretta: 1870
Status: Automatisert og avbemannet 1985
Funksjon: Lei- / Innseilingsfyr
Eier: Staten v/ Kystverket
Sted: Hjertenes
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Kinn kommune

Ulvesund fyrstasjon er bygd i 1870, og vart automatisert i 1985. Det ligg på Hjertenes ved Osmundsvåg, ytterst i Ulvesundet, i Kinn kommune i Nordfjord. Næraste by er Måløy.

Fyret er eigd av Kystverket Vest, og det er trubadur og tidlegare folkehøgskulelærar Sølvi Helen Hopland som leiger og driv Ulvesund Fyr. Sølvi med familie og venner tek seg av kafédrift og mottaking av gjester. Fyret vart restaurert sommaren 2003, og opninga for offentleg drift fann stad 8.-10. aug. 2003. Drifta består av utleige, overnatting, servering, kulturelt program og fyrkafé med utstilling og kreative aktivitets-tilbod. Våre mest fotograferte er dei to folkekjære geitene vi har i fyrhagen om sommaren.

Ulvesund Fyr er eitt av fire fyr i Vågsøy. Kråkenes fyrstasjon ligg 40 minutts køyring unna, og Skongenes fyrstasjon ca. 20 min køyring og 1 times gange. Hendanes fyrstasjon ligg 30 min køyring unna, og kan kombinerast med eit besøk på Kannesteinen og Vågsberget. Ulvesund fyrstasjon samarbeider med bl.a. Reisemål Stryn & Nordfjord, Kråkenes Fyr, Skongsnes Fyr , Vågsberget, Kystkulturlaget i Vågsøy m.m. Ulvesund fyrstasjon er også medlem i Norsk Fyrhistorisk Forening, og er eit Kystled-fyr.

Fyrkafèen er open kvar dag i sommarsesongen. Fyret leigast ut til enkeltpersoner og grupper.

Kjelder

Sjå også