Tjønnåsen (veg i Bø i Telemark)
Tjønnåsen er ein om lag 200 meter lang blindveg på Tjønnås aust i Eikjabygda i Bø i Midt-Telemark kommune. Han går frå Uvdalvegen nær krysset med Lundevegen og sørover mot den lille åsen Tjønnåsen i eit lite bustadfelt med seks einebustader.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Tj%C3%B8nn%C3%A5sen-1.jpg&width=400)
Tjønnåsen sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen har namn etter åsen Tjønnåsen og blei namnsett i 1996.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart.