Vanylven sogelag
Vanylven sogelag i Vanylven kommune vart skipa 20. november 1943. Sogelaget «har til føremål å vekkje og nøre opp under interessa for slekt, soge, folkeminne, segner og tradisjonsstoff, og ta vare på dette ved å få det nedskrive. Det skal og samle inn og ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi». Laget gjer ut tidsskriftet Fotefar (før 2010: Tidsskrift for Vanylven sogelag).
I 2019 hadde sogelaget 220 medlemar.
Leiarar
- Hans Vidnes 1943-19558
- Gerhard G. Fiskaa 1959-1971
- Sverre Aarsnes 1971-1981
- Svein Thunem 1981-1983
- Jostein Krokvik 1983-1996, æresmedlem
- Arnhild Sætrenes 1996-1998
- Svein Bøstrand 1998-2000
- Svein Thunem 2000-2004, dessutan bygdebokforfattar 2006-2011 og æresmedlem
- Harald Thunem 2004-2006
- Gunnar P. Strand 2006-2011
- Marit Margrete Berget 2011-2017
- Gunnar P. Strand 2017-
H.M. Fiskaa var bygdebokforfattar 1946-1970, medan R. Emil Sæter var bygdebokforfattar 1975-1981. Vidar Parr er redaktør for tidsskriftet.
Hovudaktivitetar
- Utarbeide og gje ut bygdebøker.
- Kartfeste gamle namn.
- Gje ut eit årleg tidsskrift.
- Samle inn gamle foto, samle opplysningar om dei og skanne dei. Samlinga er ein del av FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal.
- Uttale seg om og gje innspel om kommunale planar, mellom anna kulturminneplanen.
- Registrere, kartfeste og samle opplysningar om gamle fysiske anlegg.
- Fotosamling.
Publikasjonar
- Fiskaa, Haakon M.: Bygdebok for Vanylven. Utg. Vanylven sogelag. 1957-1965.
- Band 1. Gard og ætt. 1957. XXXI, 431 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Melding: Djupedal, Reidar i Heimen b. XI, 278–279.
- Band 2. Ålmenn bygdesoge. 1965. XVI, 398 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Melding: Øvrelid, Ragnar i Heimen, b. XIII, s. 575–576.
- Band 1. Gard og ætt. 1957. XXXI, 431 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ættesoge for Vanylven. Av R. Emil Sæter. Utg. Vanylven sogelag, 1980-1981.
- Band 1. 1980. 435 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 2. 1981. 494 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ættesoge for Vanylven. Utg. Vanylven sogelag. 2010.
- Svein Thunem: Ættesoge for Vanylven I. 588 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Svein Thunem: Ættesoge for Vanylven II. 559 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Svein Thunem: Namneregister. 36 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Sæter, R. Emil: Ættesoge for Vanylven I og II. [Ny utgåve av Ættesoge for Vanylven, 1980-1981.] 435; 494 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Tidsskrift for Vanylven Sogelag 1984-2009, deretter Fotefar 2010-.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).