Jonas Jørstad

Sideversjon per 29. feb. 2024 kl. 08:41 av Cnyborgbot (samtale | bidrag) (Robot: Endrer mal: Spire1)

Jonas Jørstad (fødd 15. juni 1888 i Sjernarøy, død 2. februar 1972) var postopnar og bokhandlar i TimeJæren. Han verke ei tid òg som fotograf der.

Han var son av Ommund Jørstad og Karoline Schmidt Jørstad, og vart i 1917 gift med Berte Monsdotter Hauge.

I 1910 var han postkassetømmer i Time. Han vart så postopnar, ein stilling han hadde til Time postopneri vart i 1919. Same året opna han bokhandel i lokalane til postopneriet.[1]

Minst eitt av hans bilete vart nytta til postkort frå Mittet & Co.. Motivet er Garborgheimen, og biletet er frå 1909. Han var i mange år aktiv i Time Mållag, som hadde tilsynet med Knudaheio og Garborgheimen. Fleire av bileta er nytta i bygdeboka Time : gard og ætt.

Kjelder

  1. «Time faar bokhandel» i Stavanger Aftenblad 1919-10-22. Mal:Bokhylla.


  Jonas Jørstad er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!